Kvart år..det slår ALDRI feil..Det er rart at det skal vere så stor forskjell frå nord til sør, alltid. Kor mange gongar kan ein bli “tekne på senga” av det same..? Dette lurer i allefall eg på..Kva gjer at det er så mykje lettare å bli “teken på senga” kvart einaste år i sør enn det er i nord?
Trur “vestingar” og “nordingar” er betre enn “austingar”..det ser slik ut, vi vert i allefall ikkje så lett overraska av det same kvart einaste år! Vi har vel lært oss at det som kom i fjor, det kjem i år også.. “What goes up, must come down”
Du har kanskje tenkt deg fram til kva det er eg vil fram til? Vi har sett det fleire stadar i landet hittil i haust (eller skal vi seie vinter?). Det kjem dalande ned, hardt eller mjukt. Det som er sikkert er at ein eller annan gong i løpet av året KJEM DET NED! Men dette er vel kanskje vanskelig å forstå? Ja, eg trur det må vere det. For uansett, om snøen kjem i januar, februar, mars, april, september, oktober, november eller desember, så er ein ting KLINKANDE klart; På austlandet vert dei ALLTID “tatt på senga”….
Kor vidt det går år etter år..Eg tenkjer at ein kanskje vil vente snø til neste år, sidan det er den vanlige gangen i året..Sommar, haust, vinter, vår..Lærte vi ikkje det på barneskulen? etter sommaren og sola, kjem hausten og regnet..Trur det, men er ikkje sikker, for sjå her (i år også):
http://www.vg.no/bil-og-motor/artikkel.php?artid=573246
Det har kome snø på austlandet, OVERSKRIFT OG RAUDE BOKSTAVAR!!! Så kan vi sjå kva som skjer dersom ein flyplass ein annan stad, “litt” lenger nord, blir stengt på grunn av snø:
http://www.vg.no/nyheter/vaer/artikkel.php?artid=541774
“Men folk her er vant til slikt vær, og ser ut til å ta det hele med stor tålmodighet”
Dette hadde dei ikkje skreve dersom det var på Gardemoen! Der kjem snøen like uventa kvar gong..trudde kanskje ein burde begynne å forstå at vinteren var på veg når gradestokken flyttar seg nedover mot null og meir enn det..
Er ikkje sint, kan kanskje høyrest slik ut..Men er ikkje det litt for stor forskjell på “aust” og “vest/nord” i dette landet? Det høyrest ut som om ingen i “aust” har budd i Noreg før. Kan vi bli “overraska” av snø når det er noko vi har kvart år? Kanskje bør avisene tenkje på alle dei som har vore på skular utan varmt vatn og straum i nordlige delar av landet, i staden for å skrive om alle søringane som vert “tatt på senga” av noko som er ein del av kvardagen vår ei periode KVART år?
Tenk, tenk og tenk litt til..Er det forskjell på snø i nord, sør, aust og vest? Eg veit ikkje eg, føler det ser litt slik ut. Andre stadar i landet er det “vanleg” med dårleg vær, men ikkje på austlandet. Jaja, kvelden er her og eg køyer no. God natt! kanskje vaknar eg til kvite marker i morgon…Kven veit, kanskje blir eg overraska..

